Stillheit.
Jaha, ja. No skal eg liksom skrive. WTF. Ja, nei i alle fall så er det kjekt å fylle linjene med vrøvl. Dette går ikkje så bra. Stillheit. Har ikkje noko å seie. Kva me då lese litt i staden. Sjå fantastisk ut, det er det eg har lyst til, i heilt fantastiske sko. I alle fall. Eh, ja. Jævla hår. Skal vere personleg, då i alle fall. Og gløyme all tankane mine medan eg skriv. Kva med eit profetisk innslag, som Jesus? Fortelje folk det dei likar å høyre, fortelje dei kva dei skal gjere. Kva med eit mantra – mantra som i draumen. Dette kjenst som eit mareritt der eg har eksamen og alt går til helvete og eg ikkje har kontroll på noko. Eg hatar dette. Det gjer meg kvalm. Eg tenkjer best med hovudet på puta. Eller når eg sym. Eg må flyte på noko mjukt for å tenkje. Ikkje skli rundt i jævla snø eller sitte i eit forbanna rom som minner mest om ein bunkers og gjer meg kvalm. Gud betre vert eg alltid så sint når eg må tenkje? Har jo eigentleg ei ganske negativ innstillig til mine omgivnader. Triste saker. Skulle forblitt taus. Håper talen vil inspirere nokon – liksom . Haha, oh, the irony.
Kjenner faktisk eg ser fram til å lese dette etterpå – få eit slag i trynet, så eg svimar av og kan slappe av. Ganske rå denne ugjennomtenkte stilen min. Nesten som å vere 12 år igjen og dritforbanna. Eller kanskje eg har vore 12 år heile tida. Orda er så mykje meir direkte og mindre forseggjort når eg skriv på denne måten. Kvifor likar eg så godt å pynte på orda? Kva med ein festtale til ære for den negative nedgravingsprosess. Damn!
