Gjennom hele linja

Den store, doble glasruta dirrar i ramma si. Lyden minner om ein kniv som raspar mot eit stykke rista brød idet smøret smeltar og forsvinn ned i skivas irrgangar. Skiva. Vishnu. Hjula på bussen går rundt og rundt.

Kniven farer over brødskiva heile vegen frå Bergen til Ørsta. Verdas lengste skive med rista brød.

Når bussen nærmar seg slutten på linja, dreg ei hand i snora – som om nokon med eitt vert merksam på ein blottlagt lekam, og feristar raske til seg eit klede som heng til tørk.

Pling!

Så er det som om ei større, fastare hand pressar flata si mot bussen si frontrute, så den vert kvit, og skyver bussen attende, så den kan ta fatt att. Tafatt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s