I'll uminate

Copygate 2

august 21, 2009 · Kommenter innlegget

Tidlegare i dag (under) skreiv eg om Pål T. Jørgensens utspel mot Kristin Halvorsen om å be dei fattige i Noreg om orsaking grunna brotet på valløftet frå 2005 om å få slutt på fattigdomen i landet.

Sjølv om ho i går ikkje ville beklage seg, har ho i dag tatt ein “Nixon” og gått ut med ei offentleg orsaking.

Les meir her

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Copygate

august 21, 2009 · Kommenter innlegget

Resirkulering

Resirkulering

Då Pål T. Jørgensen under partileiarutspørjinga på TV2 i går spurte Kristin Halvorsen om ikkje ho skulda dei fattige i Noreg ei orsaking på vegne av regjeringa, var dette langt frå noka tilfeldig hendig.

Anmodinga kom etter å ha påpeikt brotet på løftet frå 2005, vedrørande avskaffing av fattigdomen i Noreg. Jørgensen undra også på om Halvorsen hadde behov for å be Noregs fattigste barn om orsaking. Men var det nødvendigvis dette spesifikke løftebrotet som kulminerte i Jørgensens vinkling?

Våren 1977 var det ein annan journalist som uttrykte ei liknande oppfordring til ein framståande politikar. Ein trudde den britiske talkshowverten David Frost hadde teke seg vatn over hovudet då han iherdig gjekk inn for å skaffe eit intervju med president Richard Nixon.

Etter Watergate-skandalen same året, vart Nixon den første presidenten i historia som frivillig hadde trekt seg frå sin post. Likevel; han vart aldri stilt til retten for det lovbrotet han hadde begått. Domen skulle imidlertid vise seg å falle i det offentlege.

Studio ein ser på Frost/Nixon-opptaka er enkelt arrangert. Det vesle ein skimtar av interiøret synest typisk for si tid. Delar av romet, og spesielt området som ligg i skuggen av president Nixons rygg, ligg i mørkre. Golvet, derimot, er kvitt, og ein kvit lampe kastar lys over scenarioet.

Det syntest ikkje lett for ein underhaldar av Frost sitt kaliber å skulle vere den som knekter den autoritære kjempen “Tricky Dick”, men etter fleire timeslange utspørjingar der presidentet bastant tek sin person og sine gjerngar i forsvar, er det til slutt på Frost si reine oppfordring om å unskylde seg, at president Nixon kapitulerer, nærmast fluktar inn i seg sjølv, og ytrar ei orsaking så velplassert, så treffande, at sjølv den mest hovne, overlegne, amerikanske statsborgar må ha følt seg litt brydd. David Frosts håplause prosjekt vart snudd om til ein sensasjon.

Ei slik utlevering makta ikkje Pål T. Jørgensen å tyne ut av Finansministeren i går kveld. Grunnen er forhåpentelgvis ikkje at ho ikkje er skuldtunga nok, men at ho skodar mot ein meir gryande horisont enn den triste, gamle knarken Nixon – kanskje med eit glødande Soria Moria i det fjerne.

Jørgensen prøvde seg i går. TV2s partileiarutspørjing er visuelt sett så godt som ein kopi av det vi ser i opptaka frå 70-åra – dog ein stramt stilisert, om ikkje underfundig parodierande versjon.

Kva vert konsekvensane når det journalistiske arbeidet vert konstruert på denne måten? Vi ser jo gjerne på hjartesaker og valflesk, argument og motargument i politikken, som resirkulerte brusflasker – brusen smakar litt forskjellig kvar gong, men vi vert flaska opp frå den same plasten.

Det er vidare lite truleg at valdebatten får utvikle og fornye seg i naturlege retningar dersom media held fram med den typen iscenesetjing vi var vitne til i går.

Vil vi ha underhaldning i form av mediepersonlegdomar og gjøymde metatekstlege referansar – vil vi ha Pål T. Jørgensen si karriere – eller demokrati?

Sjå det aktuelle klippet frå gårsdagens utspørjing her

Var det dette svaret Jørgensen ønskte frå Halvorsen?

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

De andre, ved oss

mai 25, 2009 · Kommenter innlegget

Det er få ting vi nordmenn set høgare, enn eit høve til å sjå oss sjølve utan ifrå. Den norske folkesjela er godt konservert og for lengst laga spekemat av, og at ein utanforståande skulle ta dette i sin munn og gumle ettertenksamt, må jo berre vere svært. Om dei gutturale lydane dette skulle medfør er av vellyst eller vemming, kan i grunnen vere det same. Som den sjølvtilfredse slagen vi er, treng vi ikkje halde oss i skinnet. Fjordane buktar seg kring fjella. Kva formeiningar ein unorsk Adam måtte ha om hardangerepla våre, er oss fullstendig likegyldig. Det som derimot er relevant, er korvidt den dømmande krafta skjenker oss eit høve til å yte grunnlag for sjølve nasjonalskatten – vår sjølvironiske distanse. Vi tjørner all stereotypi, smør den utover ei lefse og gnafsar det i oss til ettermiddagskaffien.

I den engelske reiseskildringa Tre i Noreg ved to av dei frå 1882, vert nordmenn framstilt som trege, tause og paradoksalt nok ein smule påtrengande. Sjå der har du nordmannen i sitt særprega, vesle skal, seier vi, kjapt og blygsamt.

«Norske jenter er så utruleg pene», hevdar utvekslingseleven. Ja, nei, du er vel ikkje så verst, du heller, seier vi til sandalane våre.

Men nordmenn er jo berre nordmenn. Ei stadig tilbakevendande form for møte mellom ulike kulturar på eit meir globalisert plan, finn vi eksplisitt i science fiction-sjangeren, og framstår like aktuell no som under 50-åras gryande eskapisme. Eit døme kan vere The day the earth stood still – det er ikkje lenge sidan nyinnspelinga av denne klassiske dommedagsfilmen stod ferdig.

Handlinga er illustrerande nok: Ein overordna sivilisasjon har sjølvoppofrande nok teke på seg den keisame vaskejobben det er å skulle radere menneska frå jorda si overflate. I vårt forsøk på å skape ei moderne verd, har vi utvikla oss i feil retning. Adam har åte opp alle epla, men det er først no han oppdagar at han er naken. Menneska har vore trege, tause og påtrengjande lenge nok, og no må vi dø før vi øydelegger den gode stemninga heilt. Ved nærmare ettersyn, viser det seg derimot at vi ikkje er så verst likevel. Vi har medmenneskelege relasjonar, engasjerte forskarar og geniale kunstnarar; vi har kultur. Og dermed får vi bli i Paradis ei stund til.

Den rådande moralen i denne typen filmar, kan også vere eit sleivspark i retning beltestaden, eller der omkring, til europearane sin besserwissen-mentaliteten under imperialismen. Det autoritære fugleperspektivet som såg bryskt, men overberande, ned på det som vart oppfatta som trege og underutvikla kvasisivilisasjonar, hadde likevel ein større grad av kontakt med sine meir feminine sider, og gjekk for å pusse opp. Streng, men rettferdig. Blodraud saft og tørre bollar i bedehuskjellaren til ei stråhytte.

På lik linje med overklassen sin tradisjon for kostbare dannelsesreiser, der ein nærmast skulle miste seg sjølv i dei høgverdige og akta formene for språk, kunst og garnityr, herska det ei romantisk førestelling om å utsette seg sjølv for kultur. Var du ein eventyrar i ein heidensk jungel, var du Gud. Var du ei uerfaren rikmannsdotter på reise gjennom Europa, var du jomfru Maria. Var du innfødd, var du det vi i dag kallar nordmann i syden.

Før snakka ein gjerne om å førebu ekspedisjonar. No er alt eit par tastetrykk unna. Du er faktisk så mobil og allvitande at det meste har mista evna til å overraske deg – til og med vêret. Trollet i øskja er kastrert, og Eiffeltårnet er ikkje så imponerande høgreist som det ein gong var.

Ønskjer du verkeleg å forflytte deg til eit nytt kulturelt klima, må du få auga vekk frå det saftige eplet, og heller søke nærmare treet sin stamme. Du må reise bakover i tid – barndomsheimane åt foreldra dine, eller liknande destinasjonar, hamlar utan problem opp med lovene for tid og rom, så vel som sosialt akseptert veremåte og det fragmenterte verdsbiletet generelt. Her er det farmor som avgjer korvidt sola skal skine, her heng tallerkane på veggane, og her er fisken kokt. Eller steikt. Tekst-TV er den dominerande religionen.

Ein eldre mann ser seg bedagelig rundt. Steile fjell stig opp av ein spegelblank fjord. Båten han reiste med har omsider lagt til kai, og han har nettopp gått i land. Det er lenge siden han kom hit sist – når han tenker seg om, har han faktisk ikkje tatt turen innom siden 1882. Ei lang stund betraktar han omgivnadane i tausheit. Blikket er påtrengjande, men spørjande, som om han ikkje rett veit kva han undrar på. Etter kvart byrjar han sakte å gå mot dei høge husa han skimtar i det fjerne. Det går tregt, men når han omsider kjem fram til dit bygningane står oppreist, tett som soldatar, smiler han for seg sjølv og krafsar i lommene etter småpengar. Joda, menneska her er ikkje så ulike oss som dei ein gong var, tenkjer mannen. Han har fått auge på ein automat frå Coca-Cola.

Terskelen til noko anna

Terskelen til noko anna

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Blablabla!

mai 22, 2009 · 2 kommentarar

Etter det som endte opp med å bli nokre år som illeluktande robotarm på det lokale gatekjøkenet, må eg innrømme det ikkje altfor imponerande inntrykket eg har skaffa meg av det som må vere storparten av all ungdom frå heimbygda mi på Sunnmøre. Idet eg gjer min unge kunde merksam på mi tenestevilje, følgjer det ei i overkant utstrakt pause før dei tørre, hengande leppene i det unge, uttrykkslause fjeset framfor meg sakte vert spalta idet den slappe underkjeven fell ned, og eitt utvetydig ord kjem boblande ut or slimlaget som dekkjer tannreguleringa. «Biffbaguette», med tydleg uttale på kvar bokstav i det elles så flyktige namnet på det franske bakverket, ser ut til å vere dagens utvalde frase for høfleg helsing. Der er inga tvil om kva vår unge mann er ute etter.

Sjølv om denne nærmast poetisk kortfatta formuleringa vekkjer ein liten språkleg konservativ setningsbyggar i betrevitarmuskelen min, som forlanger å få vite kven han trur han er som kjem og utset meg for slik skamlaus retorisk minimalisme, undrar eg likevel på om ikkje denne oralt spartanske haldninga eg vert konfrontert med, gir uttrykk for ei form for grunnleggjande behov. No snakkar eg sjølvsagt ikkje berre om svolt, i den forstand at mett skal han nok verte om han er «svolten» eller «sulten», og om han vel å løyse dette ved å «ete» eller «spise». Eg trur det som tilsynelatande gneg vekk omfanget av ungdommen sitt ordforråd, er behovet deira for å gjere seg tydelege – for å oppnå noko. Var det ikkje vår primære trang til å vidareformidle ønskjer og meiningar som tvinga oss til tileigning av språkkunnskapar i utgangspunktet? Er ein i tenåra, treng ein ikkje reise langt tilbake i tid før ein får problem med å bøye verb rett, eller plassere ord etter kvarandre i ei setning på ein tilfredsstillande meiningsberande måte, men eit enkelt «Sitte fanget!» var likevel tilstrekkeleg for at omverda skulle tilpasse seg våre lyster.

Då er det lettare for dei meir tilfredse eldste generasjonane, som, i alle fall slik vi ser det, har alt dei treng i livet, eller i det minste maktresursar nok til å skaffe seg det. Følgjeleg har dei ubegrensa med tid til sine pinleg omstendelege «om» og «men», «Eg skulle så gjerne…» og «Kan du vere så venleg?». På toppen av dette tek dei seg bryet med eit ektefølt «Takk så mykje» når dei får att sine eigne vekslepengar i kassa. Ikkje treng dei heller uroe seg for at den minste muskeldraging i andletet skal få kvisene til å sprute, eller at overflødige ord gjer dei slitne i tastefingrane.

Direkteheita i talemålet til dei yngre, kjem også til uttrykk i meir tabubelagte samanhengar. Vi vel ikkje å håpe på det beste med insinuerande og underforståtte stillheiter i samtalen, der det vert opp til kvar enkelt å fylle inn det dei måtte finne passande, eller upassande, for den del, men pøser på som om vi snakka om egg, melk og dopapir. Korvidt dette også handlar om å oppnå noko, kan nok diskuterast, men det som er sikkert, er at der det før fanst ei taus opning i form av «prikk-prikk-prikk», har det no oppstått ei ny form for openheit med tanke på kva talemålet vårt har konsesjon frå omverda til å omtale. Det er vel nærmast ei grammatisk naturlov at det som flyt over i massemediene opphører å eksistere i kontroversiell forstand.

Skulle eit tema derimot verte for ømtålig, vil vi likevel ha eit alternativ. Med ei overutvikla evne til å omformulere oss i høve kontekst og tilhøyrarar, vert dette verkemiddelet i dag nytta i omlag annakvar setning, og det er å finne fragment av i kvart eit blikk to personar sporadisk utvekslar – den ekskluderande ironien. Det er klart at menneske som har tilbrakt store delar av livet med å ligge i skjul for tyskarar, dukke unna fallande tømmerstokkar og halde styr på ville oksar, ikkje hadde tid til å vere korkje vittige eller underfundige dersom dei ville overleve. Skal eg føre ein samtale med bestemor og ein onkel, som har pløyd igjennom sin del av engelsk litteratur, må det alltids to versjonar til for å halde samtalen gåande – uansett kor hardt eg klaskar tunga mot ganen.

Sjølv om dialektbruken fekk seg ein knekk då nordmenn oppdaga ordlistefunksjonen på mobiltelefonane sine, er bruken av lokalt talemål framleis ein del av identitetsbygginga vår. Likevel endar vi unge opp som late, håplause tilfelle som ikkje eingong tek seg bryet med å uttale dei få, grove orda vi orkar å gulpe opp skikkeleg, og som heile tida seier det motsette av det vi meiner – gjerne på eit anna språk. Skulle vi vise oss for late og sleivkjefta til å halde på dei særprega skilnadane, desse Babels tårn som skaper eit mangfald av språkvariantar i dette landet, kan vi i alle fall trøyste oss med at den stadige endringa i talemålet og språkbruken hindrar oss i å nå heilt opp til himmelen. For ville ikkje ein slik paradistilstand bety det norske språkets død?

Ugras?

Ugras?

→ 2 kommentararKategoriar: Uncategorized

KRIGSTYPAR!

mars 15, 2009 · 2 kommentarar

Surrogat

Surrogat

La oss slå eit slag for kvinnene under den første verdskrigen. Først byrjer vi med eit beskjedent sitat frå Tidslinjer 2 – eit skuleverk om moderne historie:

“Møta med soldatar som kom heim frå permisjon, vart ofte hektiske. Tida var knapp, og det var usikkert kva som ville hende når mennene vendte tilbake til slagmarka. Det gav seg ulike utslag. På dansetilstellingar i England var det før krigen ikkje vanleg at ein mann og ei kvinne dansa saman to gonger på rad. Men no, når mannen snart skulle attende til vestfronten, hadde dei ikkje eit sekund og miste – og dansa saman heile kvelden. Talet på barn som vart fødde utanfor ektekap, steig sterkt. Det kunne vere vanskeleg å seie nei til ein soldat som kanskje snart skulle døy. Millionar av kvinner var aleine mens mennene låg ved fronten, og svært mange av dei vart enkjer i ung alder.”

Orsak?

I dette tilfellet er samanhengen orsak-verknad meir enn openbar. Perspektivet som vert nytta, derimot, er det her ynskjeleg å kommentere. “Vanskeleg å seie nei”? Tør vi påstå at eit snev av tidleg ungdomsopprør i ei vanskeleg tid, her vert framstilt som medynksex frå ettergivande kvinner utsett for manipulasjon i ein pressa situasjon?

Ja, det tør vi faen meg. Vi har også lyst!

→ 2 kommentararKategoriar: Uncategorized

Om tilværet!

mars 2, 2009 · Kommenter innlegget

Marie

Hadde det ikkje vore for dei glasaktige, dovne auga – den slåande mangelen på tilstedeværelse, kunne ein nesten la seg lure av den spede ungjenta si ranke haldning. Dette er ikkje Marie – dette er alle andre, er Frankrike – ein vitskapleg modell, haldt oppe av dei kvelande lissene til eit fransk korsett.

Andletet til den tafatte, middelaldrande mannen framkallar eit utarma, forvrengt ekko av hysterisk skrattande publikum. Men det er ikkje noko morosamt ved Bob. Han er berre latterleg – og berre han sjølv er tilstades til å bekrefte kva han har blitt.

Dette er Sofia Coppola.

Sofia Coppola er tungt drapert løvverk penetrert av kvitglødande lys. Sofia Coppola er diffuse, passerande landskap. Sensibel emisjon; redierande emosjon. Sofia Coppola er menneske fanga i indre stemningar, eller maleriske stemningar fanga i menneske. Så kva vil det seie å vere Sofia Coppola – å vere menneske?

Under det omfattande arbeidet med manuset til den portretterande storfilmen om det opplyste Frankrike si berykta partydronning, tileigna den praktisk oppsummerande tittelen Marie Antoinette, opplevde filmskapar Sofia Coppola det ein berre kan gå utifrå var det konstante mennesklege behovet for distraksjon – og kjærkomen sådan. Lenge før ho fullbyrda sine intime forpliktelsar som kvinneleg monark og, i embeds medfør, produsete ein framtidig arving til den franske trona, hadde den spede kroppen til ein austerriksk tenåring på si uventa fostra ideen til ei ny forteljing – eller kanskje eit utdjupande framhald, signifikante likskapstrekk openbare nok til å kunne bekrefte opphavet tatt i betraktning.

Denne noko kvasihistoriske hendinga, resulterte i at Bob Harris 214 år seinare krøkjer seg under eit, av høgderelative orsakar, lavmontert dusjhovud på eit einsamt hotellrom i det moderne Japan, fullstendig amputert for all sjølvrespekt han i utgangspunktet måtte hatt for seg sjølv. Filmen “Lost in translation” såg dagens postmoderne lys.

Der den femten år gamle Marie Antoinette, gjennom eit ekteskap av storpolitiske dimensjonar, vert strippa ned til den siste silketråd av sin opphavlege, austerrikske identitet, for så å bli tildelt ein uriaspost i den verbalt nådelause franske salongkulturen – kunne ikkje Bob Harris gitt ein større faen.

At pubertal usikkerheit i eit tilvære der privatliv og sosial integgritet er ikkjeeksisterande, og alt, inkludert fødselen av din førstefødde, er som eit døgnope museum for samtidskunst, kan føre til akutt identitetskrise, vil umogeleg vise seg konstruktivt når mangelen på rollemodellar vert kompensert med uoppnåelege forventningar til dine yrkesrelaterte prestasjonar og generelle livsførsel. Utan ei relevant sortiment av personlegdomar å spegle seg i, kan fråværet av symbolsk interaksjonisme teikne seg heller paradoksal med tanke på at Speilsalen i Versailles framleis er verdskjend for sine 357 speglar – det perfekte habitat for utviklinga av det som skulle verte ei narsissistisk rockestjerne av ei blåbloda kvinne.

Å forflytte seg til ein kultur som frå utsida kan fortone seg som formidlinga av formålslaust og irrasjonelt vrøvl, med den hensikt å hauste dei økonomiske fruktene frå ein reklamefilm for whiskey, og på denne måten unngå å tape andlet i heimlege trakter, innfrir kanskje ikkje til dei forventningane skodespelar Bob Harris kan ha næra for seg sjølv for mange, mange, mange, mange år sidan. Grunna veletablert stjernestatus, vert han på ingen måte stilt overfor det same presset Marie møter når det dreier seg om å innfri det konstante kravet om å prestere. Medan den franske prinsessa sine mogelegheiter til å vere seg sjølv ikkje lot se kombinere med ytre faktorar si nødvendigheit for ein adaptasjon, treng ikkje Mr. Harris gjere anna enn å vere. Menneska han møter tilber han heller enn å sjå ned på hans manglande evne til integrasjon. Å ta seg sjølv seriøst vert plutseleg smertefullt ugjennomførbart.

Ein filmskodespelar hinsides forståing og ein misforstått monark. Ein helt og ein syndebukk. To saftige stykker av den same, fyldige, eksklusive og omdiskuterte offentlege kaka – priviligerte personar som trass i sin status, sitt maktpotensiale og sin opphøga sosiale posisjon på nevar og kne kravlar gjennom det same dunkle, kupperte terrenget som bleiknar ut mot ein flyktig horisont – denne universelle underskogen der menneska forvilla har flakka rundt i uminnelege tider, bortanfor alle instinkt. Krøkjer dei nakken bakover, hennar mjuk og tender, hans stiv og stutt, påfører synet av dei avventande, men elles udefinerbare omgivnadane eit klaustrofobisk grep om anklane.

Slik ser vi dei – og slik ser vi oss sjølve. Slik ser Sofia Coppoloa; det kunne jo trass i alt vore verre.

Bob og Marie

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Say cheese!

februar 25, 2009 · 2 kommentarar

Big smile(Meir kjem…)

→ 2 kommentararKategoriar: Uncategorized

Bang! – og flekken er vekk

februar 25, 2009 · Kommenter innlegget

Dritt

Alle med respekt for seg sjølv har opplevd korleis all kognitiv aktivitet erroderer nedimellom sofaputene i høve eksponering for polerte reklamefilmar vedrørande såper, sprayer og diverse andre reingjeringsmiddel frå Amalgam. Smil pent, svisj-svosj, og det du måtte finne ubeleileg med sin tilstedeværelse, vert umiddelbart radert frå eikvar overflate. Så har du reklamefilmar for amerikanske kampfly.

Nei, vent…Det er jo akkurta det same!

Ved å pøse på med patriotisk pjatt om effektivitet og presisjon, kan vi sjå uttrykket domestic violence i eit heilt nytt perspektiv – for som alle veit er ikkje målet å skade nokon, men å skape fred i heimen.

Ein nasjon som, skal vi ta utgangspunkt i rollemodellande den byr sine innbyggjarar på, gjerne assosierer eit tilvære på hell med utroskap, dop, fedme og nakenheit, har sjølv knytt bind for auga ein forstyrrande konform sadomassokistisk leik dei ikkje ein gong skjønner dei tek del i.

Så kvar kom så dette frå? “Ansiktet til en forslått kvinne”

Eit land som assosierer vald med 1. Kunst og 2. Reindyrka nasjonalromantikk. Anten ein eventuel protagonist vert banka opp av den fulle faren sin, eller nådelast vert dytta på leikeplassen av ein som er større og sterkare, er det alltid med eit snev av episk forløpslogikk eller ei underliggjande, nærmast poetisk kjensle av determinisme og nødvendig sjølvoppofring for felles vekst – ein veit kva som er nødvendig og ein kjenner sin plass i samfunnet. Vår gjennom tidene merkbart reduserte kropslege hårvekst røyser seg i plenum berre ved tanken. Det gir ei slik varm og god kjensle når menneska finn tilbake til naturen og røtene sine.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Hakk i platen!

februar 25, 2009 · Kommenter innlegget

Om en illusjon kalt sekularisering

Jeez

Den søte eimen av stekt fisk og nybakt brød brer seg i taus prosesjon gjennom det mørklagte rommet. Bare en tindrende strime av lys fra en høythengende lykt faller skrått ned på bordet, og hindrer kveldsmørket i å sluke det dampende måltidet. Fra et sted i skyggene springer en isnende lyd som rikosjetteres mellom veggene, til hele scenarioet er svøpt i et kor av ulike falsettoner, idet vin finner veien ned i et glass. Vi har det koselig nå. Jeg trenger ikke se øynene hennes for å vite at de er lukket. Med noen få, velbrukte ord velsigner moren min maten.

Ved fødselen av standardiserte produkter som følge av den industrielle revolusjonens sønn, nemlig reklamen, og som følge av brukerne sin kolonisering av Internett, har vi i dag lært oss å utøve mer skepsis overfor informasjon enn noen sinne. Dersom noen i kirkens tjeneste finner det for godt å bruke krusifikset som pekestokk og si at «Sannelig er det slik og sån», har vi nå mot nok til å si «Nei, tenk!» Trengs det da noen ytterligere forklaring på hvordan Gud – som kanskje de siste par tusen års hyppigst lånte autoritet – kan begynne å fortone seg som noe i overkant av prostituert? Jeg får meg ikke til å tro at jeg er den eneste som har erfart å ende opp med en svært populær og omdiskutert utleie-DVD, leid og spilt av så frekvent at undersiden av den perlemorskimrende glorieformasjonen er preget av dyptgående sår og skrammer.

Budskapet skurrer, med andre ord.

Beveger vi oss noen betraktelige tanker tilbake i tid, til før reformasjonen, kan vi derimot observere et mindre tiluttrykkskommende behov for variasjon innen religiøs utøvelse. Her kan vi allerede se de første tendensene til blant annet dagens «Yoga for dummies»-utgivelser, der din eneste oppgave for å oppnå et bedre liv, ganske enkelt arter seg i form av din slaviske kopiering av instruktørens forkynnende tilrådinger. Med en kvasireligiøs tilhengerskare som ikke kunne foreta seg annet enn å, så godt som det lot seg gjøre, henge med på tekstene og ignorere de vanskeligste ordene, kan vi også ane en forløper til det japanske fenomenet karaoke.

I påvente av et mer tidsriktig alternativ, har vi gjort oss ferdige med å nikke samtykkende så tårene drypper fra de bevrende hakene våre, hver gang en Hollywood-apostel mer utånder enn framfører en variasjon over de forutinntatt udødelige «Guds vilje», «Guds nåde», «I Guds hender» og så videre på den samme himmelstien. Dermed har mellomtiden drevet oss til å søke nye former for religion, og i eit overflodssamfunn der jeget står mer i sentrum en noen sinne, finner vi ikke lenger plass til en overordnet og eneveldig autoritet som man hele tiden må finne tid til å stå til rette for.

Løsningen på en mer sporadisk mening med livet har imidlertid vist seg over alle forventninger tilgjengelig. Ved å i større grad nærme oss de gamle mytologiske gudebildene, kan vi nå omgi oss med urbane legender, tilbe fotballguder og bevitne medier som erklærer dommedag like effektfullt som noen bibelsk profet i sin tid. De store retorikerne som i svunnen tid talte til folket fra bergknauser i ørkenen, er nå programledere for det hele. Nå som gudene lever blant oss igjen, og vi kan identifisere oss med dem som feilbare vesen, er religionens retningslinjer omformulert til det samfunnet som omgir oss måtte oppfatte som rett og akseptabelt. Prøver du i dag å hevde deg fri for synd ved å feie alle dine forseelser og ugjerninger under det teppet vi tidligere kjente som Jesus, hjelper det ikke hvor enn mye personlig kristen du er. Kristendommen har for lengst blitt gjennomskuet som de religiøses syndbukk. Sunn skepsis har ført oss inn i en ansvarstyngende trassalder, der oppgjør med oss selv og menneskene rundt oss er den nye veien til forsoning.

Og likevel – når høstmørket kommer smygende utpå sensommeren, og den tunge vintersnøen tvinger hver mann inn i sitt hjem og isolerer oss fra vår fysiske omverdenen – da er det som om noe følger med inn over dørterskelen sammen med slaps under støvlene våre. Med et har vi ikke noe annet fore enn å bli inne – kose oss. Vi bygger hi, omgir oss med nips – englemotiver minner om barndommen, og det blir ikke jul uten julekrybbe. Dessuten er det alltid stas å vise fram Shaker-kjøkkenet til nysgjerrige naboer. Hva får vel ikke en semikultivert kvinne over førti til å smelte fortere enn en stuerent erotisk fantaserende Bjørn Eidsvåg med et glass altervin i hånden? Og er det ikkje bare sjarmerende med den gamle, kosekristne kosekongen vår?

Tradisjon er alltid et trygt skjold å skjule seg bak dersom trangen etter noe større enn oss selv skulle melde seg, og slik kan vi holde det gående i rykk og napp, til tider avbrutt av desse «Sannelig er det slik og sånn»-menneskene. I desse dager er vi kan hende mer opptatt av i hvor stor grad vi vil tillate religionen å ha videre innvirkning på oss, uansett hvor paradoksalt det måtte lyde for noen å vere bevisst og årvåkent troende.

En knitrende lyd fra et mørklagt hjørne. En dyp og gjennomtrengende søt ange brer seg raskt utover rommet. Jeg trenger ikke se øynene hennes for å vite at de er lukket, men likevel rykker jeg kjøkkengardinene kraftig fra hverandre og lar det avslørende dagslyset fylle kjøkkenet. «Har du ikke glemt noe?» spør jeg min mor, som, uten et eneste ord i de høyere makters retning, med et nytende uttrykk i ansiktet har hengitt seg til et stykke mørk sjokolade. Så gliser vi mot hverandre, knekker av hver vår bit som vi raskt putter i munnen og oppdager at bak sekulariseringens bitre, syndige smak, ligger det gjemt et fyldig hint av guddommelig sødme.

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized

Survival of the fittest!

februar 24, 2009 · Kommenter innlegget

Før fortalte ditt stive blikk om dine tomme lepper

1

2

Nå taler dine stive lepper for ditt tomme blikk

→ Legg att ein kommentar Kategoriar: Uncategorized